
Rettleiing:
Dette er eit undervisningsopplegg som er knytt opp til seksualundervisning. Kan også bruke det i andre fag.
Her får elevane sjå episodar av NRK-serien NUDES.
Serien tek for seg ulike problemstillingar ut i frå ungdomsperspektivet. Serien handlar om ungdom som blir utsett for ufrivilleg deling av nudes. Det er eit veldig aktuelt tema blant dagens ungdom, og dei er ikkje klar over kva konsekvensar slik deling av bilete kan ha. Det er blitt meir og meir vanleg blant ungdom å dele nakebilete av seg sjølve, samt dele vidare. Nokre gonger kan ei også kjenne seg presssa til å gjere det. I dette undervisningsopplegget får elevene setje seg inn i dei ulike karakterane, reflektere, drøfte, samt bli kjende med strafferammer for deling av slike bilete. Dette er viktig kunnskap for ungdom, og kanskje terskelen for å dele slike bilete vert høgare?
I dette undervisningsopplegget er det laga «caser» der elevane skal få drøfte/diskutere i etterkant av kvar (eller to) episode.
Dette undervisningsopplegget fungerer like godt som heimeundervisning som i klasserommet.
Diskusjonen er nok best dersom ein er ein heil klasse.
Vedlegg:
Tid:
Ein episode og ein case tar omlag 60 min. Kan deles opp. Ein treng ikkje sjå alle episodane, kan velge seg ut nokre.
Verktøy:
- PC eller tilsvarande.
Kompetansemål eller kjerneelementer:
Kjerneelement:
Kropp og helse
Kompetansemål:
- drøfte spørsmål knyttet til seksuell og reproduktiv helse
- analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori ogvurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger
Vurdering:
Ein kan vurdere dei ang. munnleg aktivitet. Ein kan la elevane skrive ei drøfting.
Det er mange moglegheitar for vurdering, opp til kvar enkelt lærar korleis ein vel å løyse dette.
Sendt inn av: Trine Gravdal, Nysæter ungdomsskule, Stord.