Arealplanlegging og GIS (geografiske informasjonssystem)

Rettleiing:

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sykkylven kommune og geograf Hans Petter Brunstad Sørensen ved Sykkylven vidaregåande skule. Hovudformålet med prosjektet er at elevar skal få større kunnskap i arealplanlegging og GIS (geografiske informasjonssystem). Sykkylven kommune med samfunnsplanleggar Njell Hoftun og folkehelsekoordinator Lars Petter Vemøy ønskjer ein større ungdomsmedverknad i planprosessane i kommunen. Ønsket er at geografi elevane i VG1 er med å samlar inn geografiske data somkan nyttast i planarbeidet for kommunen.

Opphaver: Statens kartverk. GIS kartlag [Internett]. Hentet fra: NDLA

Vedlegg:

Tid:

ca 6-7 geografitimar over 3 veker (2 timer med opplæring, 4 timer med prosjektarbeid og ca 1 time med presentasjon).

Forusetningar er at elevane også arbeidar med prosjektet som heimearbeid.

Verktøy:

  • GIS-Link eller tilsvarande kartverktøy (kart i skolen etc).
  • Geo-trakker på mobil for å spore/legge inn kartdetaljer i GIS-Link.

Desse kan ein finne gratis på Google Playeller Apple Store.

Kompetansemål eller kjerneelementer:

  • utforske og presentere geografiske forhold og prosessar ved å bruke ulike kjelder, inkludert kart.
  • gjennomføre eit feltarbeid for å undersøkje og presentere geografiske forhold.
  • Geografiske kjelder og verktøy
  • Lese og bruke kart i ulik målestokk og gjere enkel kartanalyse
  • Bruke digitale kart og geografiske informasjonssystem (GIS)
  • Gjere observasjonar og registreringar av geografiske tema på ekskursjon eller feltarbeid og bruke dei til å sjånatur og samfunn i samanheng
  • Finne fram til og presentere geografisk informasjon ved å lese og vurdere tekst, bilete og statistiske framstillingar frå digitale og andre kjelde

Vurdering:

Det blir gitt vurdering på prosjektet. H-M-L måloppnåing. Kreativ bruk av verktøy, gode drøftingar og bruk av begrep frå pensum blir belønna.

Sendt inn av: Hans Petter Brunstad Sørensen, Sykkylven vidaregåande skule, Sykkylven