Perspektivteikning

Rettleiing:

Elevane treng grunnleggande kunnskap om fargelære før dei startar på denne oppgåva. Start med å teikne eit hus i topunktsperspektiv på tavla. Elevane teiknar samstundes på eiget ark. Vent på elevane etter kvar strek så ingen fell av. Etter å ha konstruert eit hus saman, går lærar gjennom oppgåva saman med elevane.

Vedlegg:

Tid:

5×90 min.

Verktøy:

  • Lærar: Tavle og stor linjal for demonstrasjon
  • Elev: Linjal, A3-teiknepapir, blyant, viskelær, fargeblyantar

Kompetansemål eller kjerneelement:

Kjerneelementet visuell kommunikasjon

Vurderingskriterium:

  • tekniske ferdigheitar (td. korrekt topunktsperspektiv, nøyaktigheit osb.)
  • komposisjon
  • fargelegging (godt fargelagt, følger prinsipp i fargelære osb.)
    Sjå meir nøyaktig rubrikk i oppgåvedokumentet

Sendt inn av: lærar i Stavanger kommune. Laga saman med kollegaer.